• teaser blank
  • teaser blank
  • Innfjorden barnehage

    – trivsel og omsorg
  • Innfjorden barnehage

    – gode oppvekstvilkår

Eli Vollset er ny enhetsleiar

Det er med stor glede at Innfjorden Friskole kan meddele å ha ansatt Eli Vollset som enhetsleier frå 1. august 2014.

Eli Vollset er 55 år, kjem frå stillinga som enhetsleiar ved Innfjorden oppvekstsenter, er utdanna adjunkt m/opprykk, inkludert spesialpedagogikk og skuleleiarutdanning. Ho har 32 års erfaring frå skuleverket, dei siste 7 som rektor ved Innfjorden skule.

Innfjorden Friskole er svært fornøgd med at Eli Vollset har takka ja til stillinga. Vollset har en sterk fagleg bakgrunn, erfaring og ei brei kompetanse som vil drive Innfjorden Friskole framover. Med Eli Vollset i førarsetet, vil Innfjorden Friskole sette riktig dagsorden i forhold til barnas behov og utfordringar samt kvalitet i skulen.

Tysdag 11. februar startar elevopptaket ved Innfjorden Friskole, og søknadsfristen er satt til 1. mars. Vi har sendt ut eigen invitasjon til alle skuleelevar ved Innfjorden oppvekstsenter og barna ved siste trinnet i barnehagen, men alle er velkomne til å søke skuleplass ved Innfjorden Friskole.

Elevopptaket vil danne grunnlag for vidare ansettelsar av pedagogisk personell med Innfjorden Friskole og ansettelsesprosessane vil starte i løpet av mars.