Innfjorden Bedehuskapell

Innfjorden Bedehuskapell

Innfjorden Bedehuskapell vart vigsla i 1976 av biskop i Nidaros, Tord Godal. Bedehuskapellet har ca. 200 seteplassar oppe, og det kan dekkast i matsalen (underetasjen)  til ca. 80 personar. Huset er i privat eige.

Bygda sitt bedehus frå 1897, vart i 1906 påbygd kor og tårn, og vigsla til bygdas første bedehuskapell.  Dette vart rive då det nye huset i 1976 vart teke i bruk. Altertavle, preikestol og døypefont vart overflytta til det nye kapellet. Det har blitt utført forandringar i tre- og målararbeid. Døypefonten er i bruk, altertavla og preikestolen er plassert i småsalen. Altertavla frå 1906 er måla av Ragnvald Enebo frå Lesja, mens preikestolen er måla ca. 1930 av sokneprest Trønborg, som var prest i Eid. Bedehuskapellet har også ein bibel frå 1647 som var ei gåve frå Guri Vik d. 1960, dertil også 4 stolar i gyldenlær frå Husmorlaget i bygda. Desse vart laga i Hornindal. Vedrørende altertavle,  var det frå starten av kun eit enkelt trekors på frontveggen i storsalen, men i 2001 vart det montert ny altertavle, aplikert og brodert av Elin Søvik Hjelden, etter teikning av rosemålar Gunnar Bø, som også har utført ein del dekorasjonsmåling i huset ellers.

Bedehuskapellet fekk handicapinngang, og toalett oppe i 2006. I tillegg vart kjøkkenet i underetasjen nær fordobla i størrelse.

Bedehuskapellet vert nytta til gudstenester, og kristelege møter, samt private arrangement som minnesamvær og selskap.