• teaser blank
  • teaser blank
  • Innfjorden barnehage

    – gode oppvekstvilkår
  • Innfjorden barnehage

    – trivsel og omsorg

Stiftelse av barnehagen

Mandag 12. mai blei det arrangert stiftelsesmøte for Innfjorden barnehage. Det møtte 20–30 personar på møtet. Styreleiar i Innfjorden Friskule, Elisabeth Vik Slettaløkken, informerte om historikken rundt overgang til privatisering av barnehagen og vegen vidare.

Stiftelsesmøte

Før sjølve stiftelsesmøtet fortalde Endre Engen om kjøp av bygget og eigedommen. Endre leia sjølve stiftelsesmøtet og gjennomgangen av vedtektene. Det blei tegna i alt 27 andelar til ein pris på 500 kr per andel.

Det blei lagt fram forslag til følgande styre i stiftelsen; Elisabeth Vik Slettaløkken, Endre Engen, Sylvi Uren Bjørlykhaug og Kjetil Engen. Det kom ingen andre forslag og styret blei enstemmig vedtatt. Elisabeth blei vald som leiar.

Kjøp av andelar

Under stiftelse er det kun dei som er på stiftelsesmøtet som har moglegheit å teikne andelar. Det vil bli åpnet for kjøp av andelar ved eit seinare tidspunkt. Ta kontakt med styret for meir informasjon.