Våre satsingsområder
I Innfjorden Friskole og Barnehage har vi som visjon å utdanne framtidas problemløysarar. Vi har sidan oppstarten jobba fram klare strategiar på korleis vi skal nå dette målet, kjerneverdiar som underbygger det og eit motto som skal skape den rette haldninga hos kvar enkelt for å nå målet.
Ei bevisst satsing
Da vi starta friskulen og barnehagen hadde vi to områder vi ønska å satse ekstra på; det første er at våre problemløysarar skal utdannast for framtida og vi skal dermed bruke framtidas læremiddel.
Vi har derfor eit ekstra fokus på digital leik og læring i vår barnehage. Vi er opptat av at alle barna er aktive og medverkande i bruken av den interaktive skjermen. Vi har i tillegg til Ipad, ein Prowise-skjerm der barna kan samarbeide om å løyse oppgåver, og lærer dermed på ein annan måte enn om dei skulle gjere oppgåvene kvar for seg.
Når vi brukar skjermen til oppgåveløysing, har vi fokus på at barnet sjølv skal kome fram til riktig svar individuelt og saman med god rettleiing frå pedagogane.
Vi ser allereie stor fordelar med bruk av desse verktøya for det enkelte born og for dei tilsette. Det gir enda større moglegheit for individuell oppfølging og tilpassing. Dette skal hjelpe oss å utdanne framtidas problemløysarar.
Det andre området vi ønsker å satse på er å fremme friluftsglede.
Vi har tilsette som likar å gå på tur og vi synes det er viktig å formidle denne verdien til barna. Alle avdelingane er ute kvar dag og vi har faste turdagar heile året.
Vi har tru på visjonen kommunen har satt, med at vi skal være verdens beste kommune for naturglade mennesker.
I Innfjorden er vi heldige å ha naturen rett utanfor døra og det er svært kort veg til både skog, fjell og sjø. Vi har lysløype som går så godt som over skuleplassen og ballbinge i gangavstand. I tillegg til dette har vi ein gapahuk som vi går jamnleg til på Hjelderåket. Der er det bålplass og eit fint leikeområde.
Begge satsingsområda er heile tida under utvikling og vi jobbar kontinuerleg med dei både blant dei tilsette og i styret.
Vi er heldige å ha med oss fire bedrifter som har støtta oss både økonomisk og ved å være tilgjengelig for bedriftsbesøk; Arvid Gjerde, Grande, Plasto og RevisorGruppen Åndalsnes.